![]() |
Hjelp oss å prøvekjøre Puls' Kalender. Tilbakemeldinger: mathias@puls.no |
|
Puls 18.07.02
EST: Med dei kom lukka. Foto: PULS ( ) Les også |
Underleg stad for snø - Eg ser inga grense for musikken vår, seier Esbjørn Svensson. Så går trioen hans på scena og gir publikum festivalens kick. Sist denne medarbeidar høyrde han, var på jazzfestivalen i Le Mans i mai. Publikum var i ekstase og fekk minst tre ekstranummer. I Kulturhuset kunne taket ha løfta seg om ikkje bandet måtte bryte tvert på grunn av rigging til ny konsert. - Vi kan spela hur lenge som helst, sa Svensson. Han skulle berre opp i otta for å reise til Pori. - Ni festivalar på 11 dagar, seier han, direkte frå jazzens supermarked, Nordsjøfestivalen i Haag. - Vi fekk litt større lokale i år enn i fjor, legg han til, alltid blid og vennleg, mens han ventar å hotellrommet sitt. Konserten var ei ekstraordinær oppleving, det kicket festivalgjengar drøymer om, som sjeldan kjem med dei store kanonene, men som set deg i ein tilstand av indre jubel og rein lukke. Du kunne sjå det lyse av andleta til folk, som vel hadde høyrt om Esbjörn Svensson, men dette…. I trioformatet har EST, som står for Esbjörn Svensson Trio,blitt eit eige begrep. Med Dan Berglund (bass) og Magnus Öström (trommer) har EST reindyrka ein stil som er overskridande, som ikkje kan samanliknast med verken Brad Mehldau eller Keith Jarrett, men som er denne trioens eigen. Den siste plata heiter "Strange Place For Snow" - som ein novelle av Peter Høegh. Piano bass og trommer, det er berre dei fysiske råmene for ein uvanleg instrumentbruk og ein veldig, stemningsskapande musikk. Til tider minimalistisk, nesten monoton, før trioen bryt ut i ei fartsprøve av "Tre Rube Thing", det næraste dei er ein "tradisjonell" jazzlåt, med nokre elegante, minimalistiske trommebreak midt i det rasande tempoet. Det er berre eitt glimt frå den beste jazzkonserten min så langt under denne festivalen. Jazz? Esbjörn Svensson er ikkje så nøye på namnet. Det han er viss på, er at trioen neste år har tiårsjubileum, og at framtida er like lys. - Vi utviklar oss heile tida, vi seglar i musikalsk medvind, vi har roliga prosjekt. Eg ser ikkje kvifor eg skulle byrje å spele med andre no. Vi er som eit lukkeleg ekteskap. Og det er alltid moro i Norge, seier Esbjörn Svensson. Roald Helgheim Share |
Siste saker Guns n' Roses: Chinese Democracy |